Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt og Kystpuls (torsdag 11. desember 2008). Les mer om roperten…

Til kamp mot vindmøller

Lokalpolitikar Jacob Nødseth (H) seier nei til vindmøller på Guleslettene. Kva er di meining?

Eit stort fleirtal i Flora bystyre vil vente på konsekvensutgreiingar før dei tek stilling til om det skal etablerast ein større vindmøllepark på Guleslettene på grensa mellom Flora og Bremanger.

Ein svært engasjert Jacob Nødseth frå Høgre fekk i møtet tysdag med seg sju andre representantar på alt no å avvise den omfattande utbygginga som er skissert av to aktuelle utbyggjarar i området.

Han fekk ingen støtte i bystyrets to dominerande part, Ap og hans eige Høgre.

Nødseth er svært kritisk til ei stor utbygging av opp til 75 kjempeturbinar i dette naturområdet som kvar kan få ei høgd på 200 meter og leggje band på store areal. I tillegg er det aktuelt å byggje 35 kilometer veg gjennom det området. Dei fleste grunneigarane til området har så langt vore postive til ei utbygginga.

Kva meiner du om satsing på vindmøller som alternativ energiform?? Sei di meining!

Vist 175 ganger. Følges av 7 personer.

Kommentarer

Exclamation_desat_24

Hadde vore interessant for oss som ikkje får lese Firdaposten å vite kva som er arguementa mot denne utbyggjinga. Finst det link til ein nettartikkel?

Exclamation_desat_24
Exclamation_desat_24

Eg reknar meg sjølv som ein naturvernar. Ein ven av naturen. Eg ynskjer å ta vare på det rike mangfaldet av artar, unike livsmiljø og livskvalitet både for menneske og dyr. Diverre er det ein konstant kamp mellom slike verdiar og klingande mynt. Vårt samfunn er blitt slik at alt skal målast i pengar og då taper diverre ovannemnde kvalitetar i stor grad. For menneska er egentleg nokre store egoistar. Tanken på eigen pengepung er drivkrafta i det meste ein føretek seg.

Kraftbransjen er jo ein av dei fremste eksponentane for øydeleggjing av naturverdiar. Gamle kraftutbyggjingar ligg som skremmande monument om mangel på natuvernhensyn. Dei nye småkraftutbyggjingane som skal redde landet for å liggje øyde, ruinerer det siste av elvar og fosselandskap. Artar forsvinn frå norsk natur i rekordtempo, utan at det ser ut til å bry så mange. Det siste er sjølvsagt vindturbinane som skal redde klimaet på jorda. (Dette er sjølvsagt brukt i eiga vinnings hensikt). Så når “all” vassdragsnatur er øydelagt, skal ein ruinere den sårbare naturen på kysten.

Dersom du er naturvernar har du kvalitetar i blodet som sjølvsagt reagerer på slikt. Du tikkar som ei tidinnstilt bombe. Det er ein urett som skjer mot norsk natur som opprører eit “vernehjarte”….

Eg har ganske kort(?) samla nokre få, lettfatta argument, fakta og poeng som gjer at eg er imot vindturbinar. Eg har liggjande meir “på lager”, men tek det viktigaste no.

Vindturbinar
- Dagens turbinar har ei navhøgde (tårn) på 70-100 meter og ein rotordiameter på 80-110 meter – totalhøgda er frå 150-210 meter. Neste generasjon møller er sagt å vere ca 250 meter høge med endå større rotordiameter. Dagens fart på rotorblada ved tuppen er ca 200 km/t.
- Kastar is med stor kraft frå rotorane ved spesielle vertilhøve: Risiko ved å ferdast i utbyggingsområdet
- Bør ikkje kome i konflikt med kulturminner
- Bør ikkje kome i konflikt med friluftsinteresser
- Alle andre inngrep enn sjølve turbinen er irreversible
- Produksjon av vindturbinar genererer store mengder CO2 utslepp, Nox, SO2, bly, kvikksølv og Zink
- Jordforsk skriv i brev til NVE 10.11.05 at anlegg av vegar og andre installasjonar i høve vindkraftanlegg i myrområde vil føre til seinking av grunnvatn og endra karbonbalanse, raskare nedbryting og store utslepp av CO2. Tap av vegetasjon som bind CO2 vil generere auka klimagassar. Sidan myrane er den type vegetasjon som mest effektivt lagrar karbon, er ei nedbryting av myr alvorleg i klimasamanheng. Det er difor feil å påstå at vindkraft gir fornybar energi utan utslepp av klimagassar.

Busetnad
-Fleire forskarar meiner det kan vere samanheng med elektromagnetiske felt frå kraftliner og kreft på mennesker. Det må lagast ny 132 kv kraftliner som ofte berører bustader.
-Det er uakseptabelt å utsette fastbuande for støy som er sterkt plagsomt
-Undersøkelsar i Danmark viser 25 – 30 % nedgang i bustadprisar på hus nær vindturbinar

Forureining
-Anleggsarbeid med sprengning, masseforflytting, massedeponering og etablering av adkomstvegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand, humus, finmateriale av betong
-Restar av sprengstoff og nitrøse forbindelsar kan medføre auka nitrogentilførsel til nedstrøms område.
-Bygging av turbinane krev miljøskadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Desse er giftige for dyr, fuglar og planter
-Forureining knytt til anleggsfasen: Forskalingsmateriale, avkapp trevirke servicebygg, kabeltromlar. Trekassar, lastepallar, papp og papir, emblasjem avkapp av armeringsjern, avkapp av kabel, restavfall, kantineavfall, spillolje, transformatorolje, kjølevæske, maling, kjemikalierestar, batteri
-Forureining knytt til drift: Avfall frå servicebygg knytt til transformatorstasjon, emballasjeavfall i forbindele med vedlikehald og service på transformatorstasjon, farleg avfall frå vedlikehald og service på turbinar og farleg avfall og service på transformatorstasjon som spillolje, oljefilter etc..

Arbeidsplassar
-Vindturbinar er nærast vedlikehaldsfrie inntil 20 års levetid
-Styring og overvåking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar
-Vindturbinane har automatikk som startar, stoppar og regulerer turbinane.
-Turbinane blir fjernstyrt frå eksisterande driftssentralar
- Norske leveransar utgjere om lag 20% av investeringskostnadene
- Få varige arbeidsplassar. Nokre fleire i byggjefasen
- Entreprenørverksemda er ”sentralisert”. Kompetansen på vindkraftutbyggningar er ikkje lokalt forankra.

Turisme
-Vindkraftutbygging har store negative innverknader på reiselivnæringa på sikt
-All praksis viser at når eit område er utbygt vert det mindre nytta. Folk vil ha urørt natur, stillheit og ro. Ikkje anleggstrafikk og rasert natur.
-Influensområde langt utanom det som visuelt blir påverka og forsterka av:
1.Stort antal turbinar
2.Stort antal turbinar i innsynsretningen
3.Stor del av synlege omgjevnader er belagt med turbinar i forhold til fritt innsyn.
4.Naturleg innsyn til parken
5.Turbinar plassert i ein dominerande posisjon (høgdetoppar)
6.Skuggekasteffekt
7.Oppstillingsmønster

Biologisk mangfald
-Skal vi ta vare på ein art, er det ein grunnleggande regel at vi må sikre leveområdet for arten. Det same gjeld om vi skal få med oss genetiske variantar av den same arten inn i framtida. Utan å ta vare på den store variasjonsbreidda, kan vi ikkje sikre den biologiske rikdommen..

Landskap
Kvar turbin med oppstillinngsplass vil okkupere opptil 1500 kvadratmeter
-I tillegg til grunn som direkte blir berørt av tekniske anlegg vil det vere nødvendig å klausulere all grunn innanfor mange kvadratkilometer. Klausuleringa vil innebere at det ikkje er tillete tiltak som kan vere til hinder for bygging og drift av parken, inkludert akivitetar eller tiltak som kan begrense kraftproduksjonen
-Nye 132 kv kraflinjer. Lengde? Som berører x-antal eigedommar?
-Langs trasè for luftleidning vil det vere eit byggje
og skogryddingsbelte på 29 meter
-Store inngrep ved vegbygging og nye kraftleidningar i gamalt kulturlandskap.
-Bygging av transformatorstasjon
-Bygging av montasjeplass (ca 100 kvatratmeter?) til kvar turbin
-Oppføring av transformatorstasjon/servicebygg på ca 400 kvadtatmeter? Med servicedal ca 200 kvadratmeter (kontrollrom, verkstadlager, garasje, opphaldsrom, garderobar med sanitæranlegg)
-Opparbeiding av gardsplass for adkomst, transport og leveransar til anlegg. Inkl parkeringsplass
inngrep for vassforsyning, avløp frå sanitæranlegg og infiltrasjonsgrøft for gråvatn
-Oppsetting av meterologimast på minst same høgde som turbinar
-Opparbeiding av omlastningsplassar i terrenget nær adkomstveg ved bygging av kraftleidningar
-Kvalitet på opplevingsinnhald og det estetiske aspekt blir forstyrra av refleks, støy og skuggar av turbinar, leidningar og master
-Fragmentering av området spesielt ved vegbyggingar
-Adkomstveg må byggjast på minimum 5,5 meter breidde i tillegg kjem grøfter, fyllingar og skjeringar. Tilleggsareal ved knappe svingar.
-Deponering av lausmassar i tilknyting til adkomstveg og vegar mellom turbinane.
-Lysmerking av vindturbinane vil bli eit dominerande blikkfang nattestid.

Dyreliv
-Anleggstrafikk vil påverke trekkrutene for hjort og anna vilt sommar og vinterstid. I anleggsperioden vil hjort finne andre trekkruter.
-Dyr på utmarsbeite vil bli forstyrra i anleggsperioden.
-Dyr vil bli forstyrra ved trafikk og ferdsel i driftsperioden.
-Beslag av fjellbeite for sau?
-Arealbeslag/arealinngrep (direkte nedbygde areal, erosjonseffektar)
-Drenering/oppdemmingar
-Endringar av mikroklima som følge av masseforflyttingar

Fugleliv
-Dokumentert at vindturbinar tek livet av havørn. Jmfr. kva som har skjedd på Smøla der mesteparten av havørn-populasjonen er utrydda som følgje av kollisjon med rotorane.
-Spesielt ungfugl er utsette
-Influensområde på 2 km for stadbundne rovfuglar innen området
-Rovfuglar som havørn, tårnfalk og fjellvåk streifer på jakt
-Rovfuglar har vist seg å vere spesiellt sensitive for støy og andre forstyrrelsar i hekketida
-Amerikanske myndigheite har føreslått ei buffersone opp mot 4,8 km for bygningar og konstruksjonar rundt område med hekkande rovfuglartar
-Kollisjon også med nye kraftleidningar. Amerikanske studiar viser at kraftlinjer er hyppigaste dødsårsaka hjå rovfuglar. Undersøkingar i Spania underbyggjer dette
-Ender og vadarar er mykje utsette for kollisjonar både på sjølve turbinane og kraftleidningane då dei bevegar seg mykje i skumring og grålysning
-Habitatforringelse for havørn og andre fuglar som heipiplerke, lirrype, steinskvett, heilo, fjellvåk, tårnfalk etc
-Forstyrrelseseffekt på hekking innad området
-Negativ påvirkning på næringsdyr som fuglane lever av
-Arealtap/habitatforringelse ved oppstillingsplassar, på adkomsveg og vegar mellom turbinane

Kulturminne
-Kulturminne og kulturmiljø er viktige deler av samfunnet sin kollektive hukommelse, og kulturarven kan bidra med kunnskap, forteljingar og opplevingar som kan ha betydning for identitet, sjølvforståing, sjølvutvikling og trivsel for enkeltmenneske og for grupper. Vindturbinar kjem ofte i konflikt med kultuminne.
-Framtidig bruk av natur, kulturminner og historie i pedagogiske samanhengar, musealt arbeid osv.
-Historiske landskap bør ikkje vere dominert av markante og storskala moderne inngrep – Riksantikvaren
-Kulturminne blir påverka direkte/indirekte ved mølleplassering, adkomstveg, internvegar, tilknytingspunkt for kraftlinje
-Kulturminne og kulturmiljø blir liggjande i eit landskap som er vesentleg endra i forhold til då kulturminnet var i bruk.

Friluftsliv
-Fragmentering av friluftsområdet
-Ein byggjer barrierer i friluftsområdet
-Rekruteringspotensiale til friluftsliv blir redusert ved utbygging

Skuggekast
-Turbinane vil i visse høve stå i posisjon mellom sola og den som ser på og rotorane vil kaste ein bevegeleg skugge med repeterande mønster som blir projisert mot sjåstaden
-Den sveipande skuggen er godt observerbar på flat mark, lyngmark og rabbar. Men også på vindu, veggar og havoverflate.
-Skuggekastmottakar er utsette opptil 2 km frå aktuell turbin
-Oftast ingen skjermande vegetasjon i området utanom koller og fjellrabbar som tek av for skuggane

Refleksblink
-Rotorblad blir produsert med blank overflate for å produsere optimalt og for at skit ikkje skal feste seg. Refleksfrie blad finst ikkje.
-”Lysorgel” om natta då turbinane må lysmerkast med blinkande lys

Støy
-Støy i anleggsfasen av tyngre køyretøy og anleggsmaskiner
-Støy frå helikopter i anleggsfasen
-Støy frå sprengingar
-Støy frå transformatorstasjon
-Pulserande støy som kjem frå turbinane vert opplevd som meir sjenerande enn vanleg støy
-Mekansisk støy frå roterande deler i gir og generator
-Aerodynamisk støy når luft passerer i bakkant av rotorblad. Luft og dermed lyd blir pressa ned mot bakken i bakkant av turbinane. Vindstyrken og lyden aukar med antal høgdemeter og dermed på høgda på turbinen.
-Støy kan variere frå fabrikant til fabrikant, men fellestrekk er at den over tid aukar pga slitasje
-Støy blir svært sjenerande i friluftsområde

Allemanssretten
-Oppsetting av stengsler/gjerder og fareskilt som vil måtte kome i høve vindturbinar, er eit brot på Allemannsretten jmfr. Friluftslova paragraf 13.

Strandsone
-Stanse nedbyggingen av strandsona (Soria Moria Erklæringa) ved bl.a. nye djupvasskaier, vegar, kraftleidningar etc

Norge som miljønasjon
-Norge skal byggje miljøpolitikken sin på prinsippet om ei berekraftig utvikling, som rommar eit krav om solidaritet med kommande generasjonar nasjonalt og internasjonalt.
-Miljøvern handlar om å forstå at ressursane på jorda er begrensa.
-Miljøpolitikken i Norge skal byggje på føre-var-prinsippet som seier at tvilen skal komme naturen til gode
-Oppretthalde naturmangfald og kulturlandskap
-Stadig færre område i Norge er uberørte av tekniske inngrep
-Friluftsliv er ei kilde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse

For min del finst det svært få føremoner med ei vindkraftutbyggjing. Eit par varige arbeidsplassar (hugs mykje er sentralisert og maskinelt). Litt eigedomsskatt til kommunen. Hotell og handel kan få litt ekstra besøk i anleggsfasen, og nokre få grunneigarar (som ofte bur på andre kantar av landet) vil få sin slant… Det “vesle” som turbinane produserer av fornybar energi kan ikkje rydde opp i den globale klimakrisa).

Sett på denne bakgrunn skulle det etter mitt syn vere ganske opplagt kva syn ein burde ha på vindturbinar. Dei er eit skrekkscenario for naturen og folk på kysten…

Exclamation_desat_24

Snakk om å krisemaksimere til de grader.
Det du unlater å nevne er hvordan vi ellers skal produsere denne kraften? For alternativet er i dag ikke så hyggelig som scenarioet du forespeiler i innlegget ditt.
Når det gjelder produskjonen ut fra desse vindmøllene så produserer landmøller i dag lett 2,5MW , de har laget 3MW vindmøller og både 5 og 8MW er under testing .. Så er det da feil å ikke prøve ut en slik måte å produsere kraft på? Skal naturhensynet veie så tungt? Hva med vannkraft , det krever jo ofte store inngrep også ?

Exclamation_desat_24

Eg kommenterer ikkje anonyme innlegg. Pelle Parafin kan vel bruke parafin han….:-)

Exclamation_desat_24

Nei for all del , du trenger ikke komentere noe. Men det hjelper noen ganger å løfte på skylappene slik at en ser heilheten rundt seg.
Mange av argumentene dine er godeog riktige , og det viser absolutt at der er ting man MÅ ta hensyn til, men man kan ikke av den grunn utelukke vindkraft som mulig kraftkilde.
Og parafin er vel ikke noe å anbefalle for en miljøverner vel ;)

Exclamation_desat_24

Har vi bruk for kraft frå vindturbinar?
I 2007 hadde Noreg ein nettoeksport av kraft tilsvarande forbruket til litt over 520.000 husstandar med eit gjennomsnittsforbruk på 20.000 kWh. (Nei, det er ikkje kommafeil, over ein halv million husstandar!) I 2008 blir nettoeksporten enda større! (Kjelde: NVE sine nettsider.)
I tillegg har eit nytt gasskraftverk stått stort sett stille i eit års tid fordi vi ikkje har bruk for krafta.
Vindkraftverk er dessutan så lite lønsame at viss vi skal få til ein produksjon “av betydning”, så vil det kreve tilskot på mange milliardar kroner av oss skattebetalarane sine pengar. Det er mykje meir lønsamt og mykje meir miljøvenleg å bruke ein del av desse pengane som tilskot til energisparing. Det vert på sikt lønsamt for oss skattebetalarane også!

Exclamation_desat_24

Det du skriver her er helt riktig. Norge hadde en meget høy eksport av kraft i 2007. Men det du da også må ta med er at dette var et rekordår ang. produksjon av kraft fra Norges vannkraftverk, faktisk heile 22 TWh over normalen! Eksporten var på ca 10,4 TWh (eller 0.52 millioner! husstander), men hadde det vært et “normal” år ville det da vært et underskudd på 11,6 TWh (eller 0,58 millioner! husstander). Du skal ikke lengre tilbake en til 2006 før Norge måtte importere kraft (1TWh). Man ser også en økning i kraftforbruket her i Norge på 4,4 TWH fra 2006 til 2007. Dette vil alltid variere ut fra økonomisk situasjon samt tilsig i våre kraftverk som påvirker prisene så her er ingen fasitsvar forsåvidt.

Men når det er sagt er det kanskje en idè å se utenfor våre grenser! Globalt er behovet for elektrisk kraft stadig økende! Ser man til Kina bygges det der kraftvverk hver uke! Og da er det som oftes snakk om billig kullkraft! En værsting ang. utslipp. Så for hver TWh Norge kan eksportere (enten ved økt produksjon eller enøk tiltak)vil det ha en positiv påvirkning globalt.
(Som du nevner er det selfølgelig ikke til å legge skjul på at Norge har mye å hente når det gjelder enøk da vi er vant til lave priser for elektrisk kraft.)

Exclamation_desat_24

Du har heilt rett i at produksjonen i 2007 var høgre enn normalt. Men det var ikkje noko rekordår, og produksjonen blir enda høgre i 2008. Sannsynlegvis var 2000 rekordåret, då vart det eksportert tilsvarande forbruket til litt over 950.000 husstandar. Når du hevdar at produksjonen i 2007 var 22 TWh over normalen, så må du vere heilt feilinformert om kva som er normalt! Det er ein del usemje om kva som er “normalt”, men eit så lågt tal som det du opererer med, 115 TWh, har eg ikkje høyrt frå utbyggarhald ein gong, langt mindre frå NVE.
Skal ein få eit inntrykk av kva som er reelt normalt, og ikkje ein teoretisk utrekna normalproduksjon, må ein sjå på produksjon og forbruk over tid.
Ser ein på dei siste 10 åra, frå og med januar 1999 til og med november 2008, har det i år med nettoeksport vorte eksportert 65,61 milliardar kWh (= 65,61 TWh). I år med nettoimport, har det vore importert 23,83 milliardar kWh, slik at nettoeksporten på 10 år (- desember 2008) har vore 41,78 milliardar kWh eller gjennomsnittleg delt på 10 år: 4,178 milliardar TWh. Det tilsvarar ein gjennomsnittseksport pr. år tilsvarande forbruket til 208.900 husstandar.
Når det gjeld Kina, så er den sterke auken i CO2-utsleppa der eit globalt problem. Men for det vil det ikkje bety noko som helst kva vi produserer av straum i Noreg. Den svært sterke auken i energiforbruket i Kina kjem i hovudsak som følgje av sterkt auka industriproduksjon basert på eksport til “vestlege land”. Det vi i Noreg kan gjere med det, er rett og slett å kjøpe meir norske og mindre kinesiske varer. Då går CO2-utsleppa i samband med transporten ned også. Spesielt bør vi ikkje kjøpe kinesiske varer vi eigentleg ikkje har bruk for!

Exclamation_desat_24

Som du sier var 2007 ikke året med mest produksjon, men det er det tredje beste året i Norge ang. energiproduksjon opp gjennom tidene.
Du har selvfølgelig rett angående Norges gjennomsnittlige nettp el-produksjon fra vannkraft for årene 97-07(som har de 4 topp årene for elprod.) ligger i snitt på ca. 122 TWh. (Det gikk litt fort det forrige inlegget, tilsig på 22TWh over norm) Dvs at 2007 produksjonen lå på ca. 13 TWh over. Men denne produksjonen varierer fra år til år, i 2003 og 2004 var produksjonen på henholdsvis ca. 106 og 109 TWh.

Når det gjelder Kinas utslipp står eksport av varer for ca. 1/3 av deres utslipp, men skal vi satse på å utkonkurrere Kina ang. elektriske produkter(som er hovedeksportvaren) for å redusere utslipp? (Vi bør som du sier helt klart kjøpe mindre unyttig varer)

Men det er klart at poenget var ikke at økt miljøvennlig Norsk energiproduksjon kan endre Kinas utslipp, men at for hver TWh ren energi Norge eksporterer kan være en tilsvarende minking i forbruket av forurensende energi i andre land!

Og her har Norge helt klart et potensial til økt eksport gjennom å sløse mindre med høyverdig energi til lavverdi formål (varme)

Exclamation_desat_24

No er vi meir einige om tala, og det aller siste du skriv er eg heilt og fullt einig i! Og vi er sikkert einige om at energieffektivisering er den miljømessig aller beste måten å skaffe meir energi på!
Elles var utgangspunktet for heile vindkraftdiskusjonen spørsmålet om ein skal bygge vindkraftverk på Guleslettene, som er Flora og delar av Bremanger sitt viktigaste skiutfartsområde og eit viktig turområde også sommarstid. NVE har inne vindkraftsøknader på 3 – 5 gonger meir landbasert vindkraft enn det som vert rekna som aktuelt å bygge ut i Noreg (eg har ikkje dei nøyaktige tala). Då vert det ikkje ein diskusjon om CO2-utslepp, krafteksport eller slike ting, men heilt enkelt ein diskusjon om KVAR det er mest fornuftig å bygge dei vindkraftanlegga som til sjuande og sist skal byggast på land her i landet. Mi oppfatning er at Guleslettene er ein av dei (kanskje den) dårlegaste stadane ein kan bygge vindkraft på her i fylket. På same måte som planane om å bygge vindkraftverk langs innflygingstraseen til Florø Lufthamn var det. Det at innbyggarane i kommunen har eit stort, lettilgjengeleg skiturområde i nærleiken, er faktisk minst like viktig som at det skal vere rom for å utvide flyplassen ein gong i framtida utan at utvidinga vert hindra av nokre vindturbinar. Men dei to tinga er sjølvsagt viktige på heilt ulike måtar. Trivsel og folkehelse kan vanskeleg samanliknast med trongen for utviding av ein flyplass.

Exclamation_desat_24

Jeg for min del sier i hvertfall NEI til vindmøller. Det å ødelegge et naturområde på en slik måte er ikke akseptabelt, i hvertfall ikke når kraftproduksjonen er større enn behovet. Grønn kraft, ja, berre for at kraftselskapa skal få eksportere mer støm ….. tjene mer penger.
Prøv å kom med forslaget om å bygge vindmøller på hemsedalsfjellet, eller noen andre skiutfartssteder(som er lenger øst), jeg er sikker på at det er nok vind på noen av de fjelltoppene der også. Det vil nok ikke østlendingene. NVE vil nok ha vindmøller men de vil ikke ha de der de må se på de.
Nei la oss beholde naturen og dyr/fuglelivet slik det er.

Exclamation_desat_24

Sjekk video av eksplosjon av vindmølle i Danmark her

http://www.bt.no/utenriks/article516820.ece
og her
http://jp.dk/indland/aar/erhverv/article1275246.ece

Det er registrert ti til femten alvorlege havari i Danmark siste tre åra!

Annonse

Nye bilder